Hopp til hovedinnhold

Sommaren i Myrkdalen byr også på eit mangfald av aktivitetar for heile familien. Sommarheisen går heile ferien så det er lett å komme seg til fjells.

Myrkdalen er den perfekte basen om sommaren, med kort avstand til både fjord, fjell og by. Myrkdalen ligg i Voss Herad, berre to timar frå Bergen, Geilo og Sogndal. Ynskjer du å finne roen treng du ikkje reise nokon plass, det er nok av natur og aktivitetar i Myrkdalen. Det er mange fine vatn og elver rundtom som ein kan bade og fiske i. Det er også stolpejakt i område og like ved hotellet finn du både hinderløype og pumptrack. Du kan leige sykkel i Myrkdalen og blir med på Joar sin sykkelskule om du vil læra noko nytt. Mogelegheitene for fjellturar er uendeleg. Du kan til og med ta turen med terreng el-sykkel – bakkane blir leikande lett!

Om vinteren er Myrkdalen ein favoritt blant skientusiastar. Grunnen er at det i Myrkdalen snør meir enn nesten nokon annan plass i Europa. Barneområde består av to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Ein finn totalt 22 velpreparerte løyper i ulike vanskegrader i Myrkdalen. For dei som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype. Områda rundt Myrkdalen byr også på eit flott terreng for fjellski og toppturar. Kveldskøyringa er ope i Myrkdalen fredag og lørdag heile sesongen og kvar dag i vinterferievekene.

Myrkdalen har dei siste åra har satsa stort på å utvikla parkane og har no fire ulike parkar med element og hopp for alle nivå.

Landsbyparken

I Landsbyparken finn du tre ulike seksjonar - for nybyrjarar, vidarekomne og ekspert. I Landsbyparken er det også kveldskøyring onsdag, fredag og laurdag i store deler av vintersesongen.

Reveparken i Badnabakken

Reveparken er parken for dei minste borna i Badnabakken. Her finn du små hopp og element - perfekt for born og nybyrjarar.

Finne-parken

Finne-parken finn du Klaus Finne si signaturlinje -ei kreativ løype med mange snøelement. Denne parken ligg ved løype 1 på toppen av Helgatuntrekket. Passar for vidarekomne og ekspertar.

Helgatunparken

Denne parken finn du ved løype 5 og består av ein øvre og nedre del. Øvst finn du større hopp og element. Nedre del finn du ei kjekk flytløype for born med små hopp, element og kuler.

Overnatting

I Myrkdalen tilbyr dei overnatting for ein kvar smak. Du kan velja mellom å bu på hotell eller i sjølvhushald i leilegheit eller hytte, det meste i ski-inn ski-ut nærleik til skiheisane. Myrkdalen Hotel ligg i botnen av skisenteret og har 112 rom i ulike kategoriar, medan leilegheitene og hyttene er i ulike størrelsar.

Ynskjer du ein heilt unik overnattingsstad, bør du sjekke ut den gamle ombygde løa - Tråfjosen.

Et merkeikon

Opplev Myrkdalen og Voss

Myrkdalen ligg ikkje langt frå Voss, og er ein bra base for en flott ferieoppleving.

Kommende arrangementer