Hopp til hovedinnhold

Kommunesenteret Askvoll er den naturlege innfallsporten om du kjem sjøvegen, og er eit godt utgangspunkt for å utforske kommunen. Her finn du det meste av servicetilbod og eit godt utval av lokale butikkar. Nyt eit måltid hos Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke, eller Askvoll Fjordhotell. Hotellet ligg midt i sentrum og er eit ypparleg utgangspunkt for å oppleve den vakre FjordKysten.

Ønskjer du ei fartsfylt oppleving kan du bli med RIB Askvoll på RIB-tur ut i skjergarden. Turen er fylt med spennande historie og storslagen natur.

Øyhopping lengst vest i havgapet

Dra på øyhopping mellom øysamfunn som Atløy, Værlandet og Bulandet lengst vest i havgapet. På Atløy kan du sjå trekyrkja Vilnes frå 1674, og bestige Brurastakken – fjellet som er pynta i stripete skjørt med fargane svart, kvitt og grønt. Fjellet er eit eldorado for geologar i feltarbeid. I Bulandet og Værlandet ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske eller fotturar.

Fotturar

Askvoll byr på fleire spektakulære fjell- og fotturar. Blegja (1304 moh) er den høgste toppen i Askvoll. Alden, kjent som den Norske hest, er eit av dei mest markante fjella og kjente seglingsmerka på vestlandskysten. Om ein ønskjer lettare turar kan du gå på ei av Nordsjøløypene, eller kulturvandring.

Fjordbygda Holmedal

I den idylliske bygda Holmedal finn du Helle knivfabrikk. Fabrikken produserer høg-kvalitet knivar inspirert av fjord og ope hav. Her kan du besøke fabrikkutsalet og gjere eit godt kjøp. I Rivedal kan du sjå statuen av Ingolf Arnarson, som grunnla den første busetnaden på Island.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Askvoll

Kommende arrangementer

#askvoll

Askvoll

  • Instagram

    Askvoll